Me har 8 hestar som me eig sjølve og har ståandes her heile året. Det er 2 dølahestar, 4 shetlandsponniar og 2 dartmoorponniar. Alle hestane som begynner med «Fjell» i navnet sitt er født her på garden 🙂
På sommaren låner me inn hestar i mange ulike rasar og storleikar! Me får mange av dei samme hestane tilbake kvar sommar og det LIKAR me! Det som kjenneteiknar dei er at dei er SNILLE og GREIE! Likar folk, både store og små, og trivst saman med sine 2 og 4 beinte venner heile sommaren.
Fjellprins
Rase: Shetlandsponni
Født: 28.04.2024
Siste fødte på Årmot 🙂 Ein nydelig, rød hingst. Fjelllina er stolt mor <3
Fjell-Lina
Rase: Shetlandsponni
Født: 13.05.2014
Vakre Fjelllina er Kristin sin favoritt ponni:-) Blir brukt til riding og køyring 🙂
Fjelljenta
Rase: Shetlandsponni
Født: 8. juli 2023
Skjønn lite jenta 🙂 Mor er Babylou <3
Babylou
Rase: Shetlandsponni
Født: 8. april 2000
Ein stor flott Shetlandsponni med masse motor. Snill som dagen er lang <3
Vert brukt til riding og køyring. Ranveig sin favoritt-ponni 🙂
Fjellgleda
Rase: Dartmoorponni
Født: 26.05.2014
Pen, ung «dame» som er veldig elegant:) Oda sin ponni. Blir brukt til rideleir 🙂
Filippa
Rase: Dartmoor ponni
Født: 2. mai 2002
Ein fin mellomstor ponni. Er ei bestemt lita dame, men for det meste kjekk og grei. Er Oda sin ponni, og vert brukt til riding og køyring.
Aurdøla
Rase: Dølahest
Født: 4.juni 2002
Aurdøla er Vilde sin hest. Stødig, snill og brukandes til det meste 🙂 Er no pensjonist ilag med Fjellrappen😊
Sogna-Snippa
Rase: Dølahest
Født: 2016
Snill og grei 🙂 Vert brukt til riding og køyring 🙂 Fekk eit vakkert hingsteføll i vår:)
Føllet til Snippa
Rase: Dølahest
Født: 5.mai 2024
Nydelig hingsteføll:)
Fjellrapp
Rase: Kaldblods
Født: 7.april 1991 – 2022 <3
Goe, gamle Fjellrappen har budd her heila livet og er difor kongen på Årmot 🙂 Han er «mor» sin hest.