Aktivitetar

Me tilbyr eit stort utval av aktivitetar. Les om dei ulike aktivitetane våre under, eller ta kontakt med oss for meir informasjon eller bestilling.

Rideleir utan overnatting

Mandag til fredag (Datoar vert publisert på Facebook og på framsida her)

10-15 deltakarar pr veke

Velkommen til rideleir hjå Myrkdalen Hestesenter! Sommar, sol, og mykje morro. Dei fleste deltakarane er mellom 8 og 15 år, men alle er hjarteleg velkomne. Rideleiren er for både nybegynnarar og meir erfarne ryttarar. Me deler inn gruppene etter nivå. Me legg stor vekt på sikkerheit. Du får din «eigen» hest som du har heile veka. Me har ca 25 hestar i forskjellege fargar og fasongar, så me skal finne ein som passar perfekt til akuratt deg.

Riding

Turriding, Ridekurs eller eigne ynskjer

Kanefart

Kosleg tur med hest og slede eller vogn

Etter avtale

Helgekurs

Fredag-Søndag

Stell og bruk av hest

Mykje riding, køyring og hestestell

Rideweekend for damer

Fredag-Søndag

Eldhusarrangment

Venefest, åremålsdag, barneselskap, jolebord, smalahovekveld, viltkveld eller liknande

Koseleg og intim stemning med god mat og drikke

Kan flettast i lag med andre aktivitetar som t.d. kanefart

Andre kurs

Gardskafe

Nysteikte vafler og gode kaker. Kaffi og brus, pluss litt av kvart

Hytter til leige

Koselege hytter leigast ut med sengeplass til 6. Bilveg heilt fram. Passar for barnefamiliar.

I juli vert desse nytta i samand med våre rideleirar.